Om HS Kapstad
Foretaket vart etablert i 1969, og starta som eit privat firma som i hovudsak dreiv med mur- og pussarbeid. Etter kvart som verksemda voks og oppdraga vart meir omfattande, utvikla selskapet seg til eit aksjeselskap med ansvar for heile byggeprosessen – frå start til slutt.
Vi byggjer med erfaring, presisjon og ansvar
I dag har vi 25 dyktige tilsette, og målet vårt er å vere blant dei leiande entreprenørane innan bygg og anlegg i regionen. Vi tek på oss både små og store oppdrag for offentlege og private kundar. Ved større prosjekt, eller i periodar med høg aktivitet, nyttar vi innleigde kontraktørar for å sikre framdrift og kvalitet i alle ledd.
Med lang erfaring og brei kompetanse kan vi tilby deg som kunde ei komplett leveranse utført med solid handverk og høg kvalitet. Du treng berre forholde deg til eitt selskap – vi tek totalansvaret som din leverandør innan bygg og anlegg.
I tillegg til å utføre sjølve byggearbeidet kan vi også stå som ansvarleg søkjar, og hjelpe deg med planlegging, prosjektering og teikning av prosjektet – heilt ned til minste detalj. Alt blir gjort med dine ønskje og behov i fokus.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om dine utbyggingsplanar. Vi hjelper deg trygt frå idé til ferdig prosjekt.
Vi har sentral godkjenning frå Statens bygningstekniske etat.
Våre styrker
- Brei erfaring og høg kompetanse
- Nøyaktigheit og kvalitet i alle detaljar
- Fornøgde kundar gjennom godt samarbeid
Tilsette
Geir Harald Kapstad
Dagleg leiar
(+47) 952 42 306
geir.harald.kapstad@hs-kapstad.no
Håvard Stauri
Anleggsleiar
(+47) 948 24 781
haavard.stauri@hs-kapstad.no
Ivar Søgnen
Forman og prosjektansvarleg HMS/KS
(+47) 913 88 646
ivar.sognen@hs-kapstad.no
Tron Madsen
Bas
(+47) 906 71 609
Steinar Kårstad
Bas
(+47) 911 54 598
Tomas Tjønneland
Kran, lager- og logistikkansvarleg
(+47) 971 66 394
tomas.tjonneland@hs-kapstad.no
Prosjekt
Kontakt oss
(+47) 57 72 03 00
post@hs-kapstad.no
Flovegen 10,
6800 Førde, Norge