Personvernerklæring for hs.no

Sist oppdatert: 05.11.2025

Hos HS tek vi personvernet ditt på alvor. Denne erklæringa skildrar korleis vi samlar inn og brukar personopplysningar når du vitjar nettsida vår hs.no.

1. Behandlingsansvarleg

HS AS er behandlingsansvarleg for opplysningar som blir samla inn via nettsida.

Kontaktinformasjon:

HS Bygg
(+47) 57 87 68 50
post@hs-bygg.no

Perhusvegen 24,
6783 Stryn, Norge

2. Kva opplysningar vi samlar inn

Vi samlar berre inn personopplysningar du sjølv gjev til oss. Dette kan vere:

  • Namn
  • E-postadresse
  • Telefonnummer

3. Korleis vi brukar opplysningane

Vi brukar opplysningane til å:

  • Svara på førespurnader du sender oss
  • Følgje opp førespurnader og prosjekt
  • Forbetre brukaropplevinga på nettsida

4. Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida brukar berre teknisk naudsynte cookies, mellom anna frå:

  • WordPress og Elementor (for vising av innhald)
  • JetEngine (for dynamiske element)
  • WP Engine cache og Smart Plugin Manager (for ytelse, oppdatering og tryggleik)

Desse cookiane lagrar ikkje personopplysningar som kan identifisere deg, og krev difor ikkje samtykke gjennom eit cookie-banner.

Dersom vi i framtida tek i bruk analyseverktøy (t.d. Google Analytics eller Rank Math) eller marknadsføringscookies, vil vi oppdatere denne erklæringa og leggje til eit cookie-banner som ber om samtykket ditt.

5. Deling av opplysningar

Vi deler ikkje personopplysningar med tredjepartar, med mindre vi er lovpålagde å gjere det.

6. Lagring og tryggleik

Opplysningane blir lagra berre så lenge det er naudsynt for føremålet. Nettsida blir drifta av Snitt Reklame gjennom WP Engine, som tilbyr trygg serverløysing, cache og oppdateringar.

All kommunikasjon med nettsida er kryptert (SSL).

7. Dine rettar

Du har rett til å:

  • Få innsyn i kva opplysningar vi har om deg
  • Be om retting eller sletting av opplysningar
  • Trekkje tilbake samtykke (dersom aktuelt)
  • Klage til Datatilsynet dersom du meiner vi handsamar opplysningar i strid med regelverket

For å nytte rettane dine, kontakt oss på post@hs-bygg.no.

8. Endringar i erklæringa

Vi kan oppdatere denne erklæringa ved behov. Vesentlege endringar vil vi informere om på nettsida.

9. Kontakt

Har du spørsmål om personvern hos HS, kontakt oss på: post@hs-bygg.no