Frå visjon til ferdig bygg
Når du vel HS, får du ein partnar som tek ansvar for heile prosessen. Vi samlar alle faga under eitt tak, styrer framdrifta og sikrar at kvalitet, kostnad og tid heng saman frå første plan til overlevering.
NYBYGG
Trygt, effektivt og utan kompromiss på kvalitet
Frå planlegging til ferdig bygg tek vi heile ansvaret: éin kontrakt, éin ansvarleg. Med eigne fagfolk i tømrar- og betongfag, tydelege prosessar og kvalitet i alle ledd får du eit nybygg som står støtt både i dag og i framtida.
Vi sørgjer for ryddig framdrift, smarte løysingar og berekraftige val som gir meirverdi over tid.
REHABILITERING
Rehabilitering med erfaring i alle ledd
I ei tid der berekraft og ressursbruk står stadig meir sentralt, blir evna til å ta vare på og vidareutvikle eksisterande bygningsmasse stadig viktigare.
Vi har gjennom fleire år utført ei rekkje større rehabiliterings- og ombruksprosjekt for både private og offentlege oppdragsgivarar.
Som entreprenør tek vi ofte rolla som total- eller samspelspartnar. Det gjer at vi kan bidra aktivt i utviklinga av prosjektet frå tidleg fase, og saman med byggherre og rådgivarar finne dei mest miljøvennlege og økonomisk mest praktiske løysingane.
Kva meiner vi med ombruk og gjenbruk?
Begrepet «ombruk» i byggsamanheng referer til å bruke opp ein gjenstand, eit produkt eller materiell på same måte det var meint å brukast. Gjenbruk referar til å bruke ein gjenstand, eit produkt eller materiell på ein annan måte enn det var meint for.
Meir ombruk, mindre avfall
Vi har i tillegg til rehabilitering sett på korleis vi kan få til mest mogleg intern ombruk direkte i prosjekta, men også ekstern ombruk der vi kan tilby materialer og anna ombruksmateriell som ikkje nyttast i prosjektet ut til ein større marknad i staden for at det ender opp som til avfall.
Her har vi hatt godt samarbeid med Sirken som reklamerer med: «Sirken er Norges ledende plattform for sirkulær ressursutnyttelse i byggenæringen. Vi gjør det enkelt for bedrifter å registrere, kjøpe og selge overskuddsmaterialer gjennom digitale, selvbetjente ombrukssentraler»
I den grad vi ikkje har fått til ombruk av materiell internt eller eksternt, har vi også sett på om det er mogleg med gjenbruk og materialgjenvinning, for eksempel knust rein betong som fyllmasser, glass som materialgjenvinnast til glassull, himlingsplater som kan byggast om til akustiske flåter for å nemne noko. For å få til dette har vi forsterka vårt fokus på avfallssortering, og vi legg oss derfor langt høgare enn forskriftskravet om 70 % avfallssortering etter TEK 17 §9-8.
Dokumentert BREEAM-erfaring
Vi har i nyare tid også tileigna oss Breeam-kompetanse ved å gjennomføre 1 av totalt 5 ferdigstilte og godkjent sertifiserte Breeam-prosjekt i Møre og Romsdal pr. 4. kvartal 2025. Dette prosjektet var gjennomført med fokus på miljø, gjenbruk og sertifisering etter kriterier i Breeam-Nor v6.0 med oppnåelse av karakteren «Very Good». Vi har også gjennomført utdanning av intern Breeam AP ressurs i regi av Grøn Byggallianse.
Erfaringa har gitt oss solid kompetanse på planlegging, gjennomføring og koordinering av komplekse byggjeoppgåver som oppstår når ein kombinerer nytt og gammalt.
ANLEGG
Solid og påliteleg
HS har solid erfaring og ekspertise innan anleggsprosjekt, med ei brei merittliste som inkluderer Loen Skylift, Romsdalsgondolen, kraftverk, damanlegg, bruer og tunnelportaler.
Vi har sterk kompetanse innan betongarbeid, med norske fagarbeidarar med fagbrev og lang erfaring som sikrar høg kvalitet og tryggleik i alle prosjekt. Vi utfører alle typer betongarbeid både til offentlege byggherrar og til private enten det er på et fjell eller i sjø. Vår erfaring bidreg til å løyse utfordrende prosjekt til det beste mtp kvalitet, økonomi og miljø.
Vår satsing på anleggssegmentet kombinerer fagkompetanse, moderne utstyr og lokal erfaring, og gjev oss evne til å gjennomføre både store og komplekse prosjekt på ein trygg, effektiv og profesjonell måte.
Kontakt oss gjerne
Uansett kva prosjekt du planlegg,
finn vi vegen vidare i lag.