Hans Strøm-bygget ved Høgskulen i Volda er frå 1984 og har eit totalt areal på om lag 4200 m². Bygget er fordelt på kjellar, plan 1–3 og eit teknisk rom på taket. Oppdraget omfatta oppgradering og ombygging i nesten alle rom i dei fire etasjane, samt i det tekniske rommet. Ventilasjonsanlegget er fullstendig skifta ut, og det er etablert nye energibrønnar for varmeforsyning.
Dei nye energibrønnane vert òg nytta til delar av kjøleanlegget. I tillegg er det gjennomført fleire vedlikehaldtiltak, mellom anna utskifting av heis og vindauge, samt rehabilitering av tak og fasade.
HS Bygg var totalentreprenør og hadde prosjektleiing, rivingsarbeid, betongarbeid og tømrararbeid.
HS Bygg
Volda
Skulebygg
Statsbygg
Ca. 4200 m2
Totalentreprise med UE på prosjektering
2023