Anleggsleiar, formann og fagarbeidar – Tømrar

HS utvidar tømraravdelinga – bli med på laget!

På grunn av auka ordretilgang styrkjer HS tømraravdelinga og søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar. Vi ser no etter anleggsleiarar, basar, formenn og fagarbeidarar som vil vere med på å utvikle og forme eit sterkt og kompetent team.

HS har kontor i Stryn, Hareid, Førde og Ålesund med ambisjonar om vidare vekst i regionen. Reising til prosjekt må reknast med. Vi har solid økonomi, høg aktivitet og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd. Som tilsett hos oss får du ein trygg og stabil arbeidsplass, med gode moglegheiter for utvikling og eit tydeleg fokus på kompetanseheving. Du får reell påverknad på korleis vi jobbar og utviklar oss som selskap, og du blir ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av høg fagleg stoltheit.

Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og gode pensjonsordningar med AFP.

Anleggsleiar – Tømrar

Som anleggsleiar har du ansvar for den daglege drifta og framdrifta på byggeplassen. Rolla krev god oversikt, leiing og evne til å koordinere personell, innkjøp og framdrift.

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Erfaring som anleggsleiar innan betong eller bygg/anlegg er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Teknisk fagskule, ingeniørutdanning eller annan relevant bakgrunn
  • Fagbrev eller anna relevant utdanning/praksis
  • Evne til å leie og motivere eit team
  • Strukturert, løysingsorientert og med god gjennomføringsevne
  • Interesse for fagområdet og vilje til å utvikle deg vidare

Bas / Formann – Tømrar

Du er bindeleddet mellom anleggsleiaren og fagarbeidarane. Denne rolla passar for deg som har høg yrkesstoltheit, tek ansvar og får folk til å dra i same retning.

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Fagbrev innan tømrerfag eller tilsvarande
  • Erfaring som bas/formann innan tømrar- eller bygg/anleggsfag
  • Gode samarbeidsevner og forståing for kvalitet og tryggleik

Fagarbeidar – Tømrar

Som fagarbeidar vil du vere ein viktig del av laget ute på byggeplassen. Vi ser etter deg som er nøyaktig, arbeidsam og trivst med fysisk arbeid i team.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som tømrar eller tilsvarande erfaring
  • Erfaring frå bygg / anlegg
  • Fokus på HMS og kvalitet
  • Vilje til å ta i bruk digitale hjelpemidler

Interessert?

Om ei av desse stillingane høyrest interessant ut, send gjerne ein søknad eller ta direkte kontakt med:

HS Bygg
Marianne Nærø på tlf. 92 66 45 64 eller e-post: marianne.naro@hs-bygg.no

HS Entreprenør
Marianne Nærø på tlf. 92 66 45 64 eller e-post: marianne.naro@hs-bygg.no

HS Rise
Lars Ove Mork på tlf. 97 46 10 03 eller e-post: lars@risebygg.no

HS Kapstad
Geir Harald Kapstad på tlf. 95 24 23 06 eller e-post: geir.harald.kapstad@hs-kapstad.no

Søknadsfrist: Snarast

Del stillinga: