Jobb med oss
Bli ein del av laget
HS legg vekt på kvalitet, tryggleik og kompetanseutvikling, og ønskjer å bidra til rekruttering til byggebransjen. Vi samarbeider med vidaregåande skular og opplæringskontor for å tilby lærlingplassar, arbeidspraksis og utplassering.
I dag har vi 17 lærlingar som får opplæring og oppfølging frå våre erfarne fagarbeidarar, som fungerer som instruktørar og bidreg til god fagleg utvikling og stabil arbeidskraft i regionen.
LÆRLINGAR
Bygg framtida di
saman med oss
Som lærling i HS får du lære faget frå erfarne handverkarar, delta i varierte prosjekt og bli ein del av eit lag som set kvalitet og tryggleik først. Hos oss får du ein solid start på yrkeslivet.
Åpen søknad
Vi er alltid på jakt etter flinke folk som vil vere med å utvikle HS-familien vidare.
Enten du er fagarbeidar, lærling eller har erfaring innan prosjektleiing, er du velkomen til å sende oss ein open søknad. Vi tek kontakt når vi har ei stilling som kan passe dine kvalifikasjonar.
Kontakt oss gjerne
Uansett kva prosjekt du planlegg,
finn vi vegen vidare i lag.
