OM OSS

Stor nok for riksoppdrag, nær nok til å kjenne nabolaget

Vi tek oppdrag frå Sognefjorden i sør til Trøndelag i nord – og innlandet austover. Vi jobbar i same segment som dei største riksentreprenørane, men med lokal kapasitet, korte avgjerdsvegar og folk som kjenner både terreng og naboar.

Ein kultur, éin standard, éin plan. Frå start til slutt.

Omsetning 2024
0 m
Ansatte
0
Lærlingar
0

HS er fellesnemnaren for fire selskap som spelar kvarandre gode: HS Bygg, HS Rise, HS Kapstad og HS Entreprenør. Vi er eit samla fagmiljø innan bygg, anlegg, kran- og eigedomstenester. HS er garantisten for måten vi planlegg, leier og leverer prosjekt på – frå første idé til ferdig resultat.

Uansett kva HS-selskap du møter, skal du kjenne att same verdigrunnlag, same krav til tryggleik og kvalitet, og same direkte, ærlege måte å jobbe på.

Saman gjer vi det enkelt for byggherrar:
éin kultur, éin standard, éin plan. Frå start til slutt.

Historia til HS

2012

HS Gruppa vart stifta i 2012 av Knut Løvdal Stauri,
Jørn Hilde og Christin Hilde.

1985

Tømraravdelinga i Gustav John Hagen og Betongentreprenør Sunde Bygg går saman og etablerer HS Bygg AS.

1992

Jostein Hilde, Jarle Lien, Kjell Sunde og Berit Bergesen overtar eigarskapen i HS Bygg AS.

2011

HS Gruppa kjøper 100% av aksjane i HS Bygg.

1977

Etablert som tømrerforetak under navnet Rise Byggelag ANS av Lidvar og Kjell Bjørn Rise.

1987

Rise Bygg vart etablert. Drifta vart overført frå Rise Byggelag til Rise Bygg AS i 1996.

1994

Flytta inn i nye kontor på Rise og etablerte lager der.

2012

Utvida med nytt lager og større uteområde.

2019

HS Gruppa kjøpte 51% av aksjane, Selskapet endra namn til HS Rise Bygg AS.

1969

Etablert som privat murarforetak av Harald Kapstad.

1978

Omorganisert til aksjeselskap (AS).

2005

Flytta forretningsadresse frå Bygstad til Førde. Geir Harald Kapstad tok over som dagleg leiar og eigar av 75 %.

2007

Geir Harald Kapstad kjøpte resterande aksjar og blei eineeigar.

2024

HS Gruppa kjøpte 51 % av aksjane. Selskapet endra namn til HS Kapstad AS.

2025

HS Entreprenør blir etablert i Ålesund. Eit tydeleg steg vidare i ambisjonen om ytterlegare satsing i Møre og Romsdal.

Verdiane som bind oss saman og viser vegen

Våre verdiar er rettesnora for alt vi gjer, og sikrar at vi leverer kvalitet, tryggleik og gode opplevingar heile vegen frå første møte til ferdig prosjekt.

Ein avtale er ein avtale.

Når vi gir eit løfte, står vi for det. Avtalar, tidsplanar og leveransar er bindande for oss, og vi gjer det som skal til for å halde dei. Slik byggjer vi tillit over tid.

Vi jobbar som eit lag.

Kundar, underentreprenørar og eigne medarbeidarar skal få rett informasjon, rette rammer og støtte til å levere på sitt beste. Når ein lykkast, vinn vi alle.

Ikkje snar gevinst på kostnad av kvalitet.

Vi vel løysingar og materialar som held seg over tid. Vi tek ikkje snarvegar for å spare pengar her og no, dersom det går på kostnad av kvalitet, tryggleik eller omdømme.

Problema tek vi tidleg og løyser i lag.

Vi skjuler ikkje utfordringar, men tek tak i dei med ein gong. Vi deler informasjon ope, slik at vi kan finne løysingar saman før problema veks.

HMS er alltid i førarsetet i HS.

Vi planlegg for tryggleik, trenar på tryggleik og jobbar trygt, kvar dag.
Kvaliteten ligg i handverket, i planverket og i alt vi gjer.

Framdrift kjem av gode val.

Vi ser etter moglegheiter og løysingar, sjølv når vi møter hinder. Vi tek avgjerder som held prosjektet i gang, utan å gå på kompromiss med kvalitet og tryggleik.

Respekt for folk og fag er grunnmuren vår.

Vi tek vare på faglege tradisjonar og menneska som utfører dei, fordi det skaper stoltheit og kvalitet i arbeidet.

MILJØ OG BEREKRAFT

Praktiske val som sparer både miljø og kostnader

Vi vel løysingar som gjer prosjektet smartare og fotavtrykket mindre: ombruk, gjenbruk, massehandtering og energieffektive val.

Fleire HS-selskap er Miljøfyrtårn-sertifiserte. Vi byggjer kompetanse på sirkulærøkonomi og avfallsreduksjon – fordi det løner seg for både byggherre og miljø.

Kontakt oss gjerne

Uansett kva prosjekt du planlegg,
finn vi vegen vidare i lag.