På grunn av auka ordretilgang søkjer HS etter fleire dyktige medarbeidarar. Vi ser no etter prosjektleiarar som vil vere med på å utvikle og forme eit sterkt og kompetent team.
HS har kontor i Stryn, Hareid, Førde og Ålesund, med ambisjonar om vidare vekst i regionen. Reising til prosjekt må reknast med.
Vi har solid økonomi, høg aktivitet og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd. HS er i dag involvert i fleire samspelsprosjekt, noko som stiller høge krav til samarbeid, kommunikasjon og løysingsorientert leiing – og som gir deg som prosjektleiar store moglegheiter til fagleg utvikling og påverknad.
Som tilsett hos oss får du ein trygg og stabil arbeidsplass, med gode moglegheiter for utvikling og eit tydeleg fokus på kompetanseheving. Du får reell påverknad på korleis vi jobbar og utviklar oss som selskap, og du blir ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø prega av høg fagleg stoltheit.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar med AFP
Som prosjektleiar hos oss vil du ha ansvaret for å planleggje, gjennomføre og leie byggeprosjekt frå start til slutt. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og teamet for å sikre at prosjekta blir leverte til avtalt tid, kvalitet og kostnad.
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring som prosjektleiar innan bygg og anlegg er ein fordel, men ikkje eit krav
- Utdanning innan ingeniørfag, byggrelaterte studium eller annan relevant bakgrunn
- Gode leiareigenskapar og evne til å kommunisere godt med ulike aktørar
- Evne til å handtere fleire prosjekt samstundes
- Interesse for prosjektleiing og vilje til å lære og utvikle deg vidare
Interessert?
Om dette høyrest interessant ut, send gjerne ein søknad eller ta direkte kontakt med:
HS Bygg
Marianne Nærø på tlf. 92 66 45 64 eller e-post: marianne.naro@hs-bygg.no
HS Entreprenør
Marianne Nærø på tlf. 92 66 45 64 eller e-post: marianne.naro@hs-bygg.no
HS Rise
Lars Ove Mork på tlf. 97 46 10 03 eller e-post: lars@risebygg.no
HS Kapstad
Geir Harald Kapstad på tlf. 95 24 23 06 eller e-post: geir.harald.kapstad@hs-kapstad.no
Søknadsfrist: Snarast