Godt arbeid. Gode folk. Gode dagar.

I HS får du meir enn berre ein jobb – du får ansvar, tillit og rom til å utvikle deg. Vi er store nok til å handtere dei store prosjekta, men små nok til at alle blir sett, høyrde og verdsette.

Eit lag å vekse med

Kvardagen handlar om meir enn berre fag og framdrift, det handlar om menneska du jobbar saman med.

Vi byggjer folk like målretta som vi byggjer prosjekt: med gode rammer, tett oppfølging og eit arbeidsmiljø der alle får bidra med styrkane sine.

Her kjenner du både kollegaene og prosjekta, og du får sjansen til å utvikle deg i takt med oppgåvene vi tek på oss.

Eit arbeidsmiljø du vil vere ein del av

Vi tek vare på kvarandre og jobbar som eitt lag, uansett fag eller rolle.

Kurs, fagleg påfyll og sjansen til å prøve nye oppgåver og roller.

Du får vere med på alt frå nybygg og rehabilitering til store anlegg, prosjekt du kan vere stolt av.

Vi gjer det ryddig og rettferdig, både på papiret og i praksis.

Finn di rolle hos oss

Vi ser alltid etter flinke folk – både erfarne fagarbeidarar og nye lærlingar som vil inn i bransjen.

Enten du vil bygge vidare på erfaringa di eller starte karrieren, har vi plass til deg på laget.